Havyard Leirvik får fullføre utrusting av skip som ligg ved verftet. Jobbar for å sikre drift vidare også

Havyard har sikra avtalar for ferdigstilling av nesten ferdige prosjekt. Verftet jobbar vidare med å få til langsiktig drift.

DEL

Havyard Ship Technology AS har tapt pengar over lang tid. I haust var eigenkapitalen tømt, og verftet klarte ikkje lenger å følge opp vilkåra i låneavtalane sine.

18. november kom meldinga om at det måtte på plass nye avtalar for å få til vidare drift.

I dag melder selskapet i ei børsmelding at dei har sikra avtalar med reiarane som har skip som ligg til utrusting ved verftet. Verftet har også fått avtalar med Garantiinstituttet for eksportkreditt og involverte bankar for desse prosjekta.

Avtalane gjer det mogleg å fullføre og levere skipa som allereie ligg til utrusting ved verftet.

Det blir no jobba vidare med å sikre løysingar for å gjennomføre resten av ordreboka. Havyard lovar ny informasjon så snart som mogleg.

Artikkeltags