Nye eigarar overtar Vita og Loco

NY EIGAR: Jotunfjell Partners har kjøpt både varelager og rettar til varemerka, men ønsker ikkje å kommentere ytterlegare. Bildet er frå Vita på Elvetorget.

NY EIGAR: Jotunfjell Partners har kjøpt både varelager og rettar til varemerka, men ønsker ikkje å kommentere ytterlegare. Bildet er frå Vita på Elvetorget. Foto:

Av

Berre to dagar etter at det vart opna konkurs i kosmetikkjedene Vita og Loco står nye eigarar klare til å overta.

DEL

Det er bustyrar Tom Hugo Ottesen som opplyser dette til Dagens Næringsliv. Seint tysdag kveld stadfesta Ottesen at restruktureringsselskapet Jotunfjell Partners blir dei nye eigarane av Vita og Loco.

– Buet er fornøgd med å få vidareført drift. Normale forhandlingar, skriv han i ei tekstmelding til avisa.

Fleire interessentar melde seg etter at konkursen var eit faktum.

Jotunfjell Partners har kjøpt både varelager og rettar til varemerka, men ønsker ikkje å kommentere ytterlegare. Selskapet har spesialisert seg på å kjøpe opp selskap i krise. I fjor tok dei over butikkjeden Enklere Liv.

Artikkeltags