Kleskjede råka av sparekutt – stenger 20 butikkar

PÅ KUTTE: Sveske Kappahl må kutte.

PÅ KUTTE: Sveske Kappahl må kutte. Foto:

I Sogn og Fjordane finst det ein butikk. Den ligg i Førde. Det er ikkje kjent om den skal leggast ned.

DEL

(Sandefjords Blad): Svenske Kappahl skal spare inn 100 millionar kroner, blant anna ved å stenge ei rekke butikkar.

Kjeda har over 100 butikkar berre i Norge, blant anna sju i bergensområdet.

I tillegg har kjeda butikkar elles i Norden, i Polen og i Storbritannia.

Kva butikkar som skal leggast ned, er førebels ikkje kjent.

Det skriv E24 onsdag morgon.

Driftsresultatet til kleskjeda etter andre kvartal enda på to millionar svenske kroner, samanlikna med fem millionar svenske kroner på same tidspunkt i fjor.

Nedleggingar av butikkar er eitt av fleire grep kjeda skal gjere i tida framover for å spare pengar.

Artikkeltags