Eigaren av butikkane VITA og Loco er konkurs

Cosmetic Group, som eig og driv kosmetikkjedane VITA og Loco, har levert konkursbegjæring.

DEL

Det melder NTB.

VITA og Loco har opplevd svakare vekst og fallande lønnsomheit. Eigaren Cosmetic Group har jobba iherdig for å snu trenden og auke konkurransekrafta.

- Detaljhandelen og kosmetikkbransjen er påverka av endra kundebehov og auka konkurranse frå e-handel og lågpriskjedar, seier Kristina Johansson til NTB. Ho tok over som CEO i Cosmetic Group hausten 2018.

– Heile organisasjonen har jobba intensivt for å snu utviklinga, men no må vi dessverre konstatere at vi ikkje fekk det til i tide. Store omstillingsprosessar er kapital– og tidkrevjande. Når marknadskreftene i tillegg jobbar imot oss, blir det vanskeleg å lykkast, legg ho til.

Styret i Cosmetic Group AS har no konkludert med at føresetnadane for vidare drift ikkje lenger er til stades.

Dette vil råke kjedane Vita og Loco, med 300 tilsette ved hovudkontoret i Oslo og logistikkverksemda i Mjøndalen, samt i dei 23 eigde Loco-butikkane. I tillegg blir drifta i 207 franchise-drivne VITA-butikkar i heile Norge, med i alt 1000 tilsette, råka av konkursen.

Cosmetic Group AS hadde i 2018 ei omsetning på 1,35 milliardar kroner.

I Sogn og Fjordane har VITA fire butikkar:

  • VITA Florø
  • VITA Førde (Elvegården)
  • VITA Amfi Sogningen
  • VITA Handelshuset

Artikkeltags