Ny aktør skal demontere plattformer i Gulen

ETTERTRAKTA: Statfjord A-plattforma er ei av mange plattformer som skal demonterast dei neste åra. Lutelandet reknar på anbod på jobben, samtidig etablerer det seg ein konkurrent i Gulen.

ETTERTRAKTA: Statfjord A-plattforma er ei av mange plattformer som skal demonterast dei neste åra. Lutelandet reknar på anbod på jobben, samtidig etablerer det seg ein konkurrent i Gulen. Foto:

GULEN: Selskapet Arise etablerer anlegg for mottak av riggar og plattformer. Investerer opptil 300 millionar og vil skape 30–50 arbeidsplassar.

DEL

– Inntil 30 oljefelt skal stengast ned dei neste ti åra. Då skal også riggane fjernast. Vi ser at det er eit stort behov for ein aktør som kan kondemnere og resirkulere gamle riggar på ein god og ansvarleg måte, seier Eivind Wiik til Bergens Tidende.

Wiik skal saman med Bjarte Adal og Tor Helge Eiken i selskapet Arise etablere seg i Sløvåg i Gulen. I Skipavika, ikkje langt unna, ligg det allereie mange riggar og plattformer som har gjort sin siste jobb.

30-50 arbeidsplassar

Selskapet er no i gang med å sprenge ut 300 mål i Gulen industrihamn. Det skal også byggast ny djupvasskai med slipp, for å ta imot og demontere oljeinstallasjonar. Prosjektet har ei investeringsramme på kring 300 millionar kroner. Målet er 30–50 nye arbeidsplassar.

Arise har søkt om å få lagre 75.000 tonn med farleg avfall, nærare spesifisert marine konstruksjonar. Det svarar ifølge BT til to Statfjord A-plattformer.

Fleire om beinet

Det er fleire som har jobba for å få ein bit av marknaden for demontering og resirkulering av gamle oljeriggar. Mellom andre AF Decom i Vatsfjorden i Rogaland. I Sogn og Fjordane blir Arise aktør nummer to. På Lutelandet har dei allereie tatt imot sitt første prosjekt.

– Vi er ikkje åleine, men det er bra med konkurranse, det skjerpar alle. I tillegg ser vi på dette som ein veksande marknad, seier Wiik.

Artikkeltags