Verdsnyheit frå Brødrene Aa - lanserer hurtigbåt som går på hydrogen

Av

Brødrene Aa har utvikla eit nytt design for nullutslepps hurtiggåande passasjerbåtar med hydrogen som drivstoff.

DEL

Firdaposten: Den nye fartøytypen Aero 42 Hydrogen blei presentert for verda under arrangementet «Utslippsfrie hurtigbåter» på Hell ved Trondheim tysdag.

Brødrene Aa er leiande på design og bygging av hurtiggåande passasjerbåtar i karbonfiber. Bedrifta er også leiande på nullutsleppsteknologi og har blant anna levert det prestisjefylte og prislønte fartøyet «Future of The Fjords», verdas første nullutslepps turistbåt. No satsar bedrifta vidare.

– Vi jobbar hardt for å ligge i front, seier Tor Øyvin Aa, direktør i Brødrene Aa, i ei pressemelding.

– Takka vere dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar er vi klare til å bygge det som kan bli Norges første hurtiggåande hydrogendrivne passasjerbåt.

Utfordrande teknologiutvikling

Dei siste åra har Brødrene Aa bygd opp eigen kompetanse på hydrogenteknologi. Dei skal no levere to fartøy som skal gå i rute Trondheim – Kristiansund, og det er i samband med dette hydrogenbåten no vert presentert.

– I arbeidet med Trøndelag sin krevjande utviklingskontrakt har vi blant anna med oss Westcon Power & Automation og operatøren Boreal, seier Anstein Aa, teknisk direktør i Brødrene Aa.

– Begge aktørane er leiande på sine felt. No har vi samarbeidd om å utvikle dei beste løysingane.

Lange og krevjande ruter

To av fartøya skal gå den 95 nautiske mil lange ruta Trondheim-Kristiansund. Med kapasitet på 275 passasjerar og fart på 34 knop krev ruta mykje energi. Brødrene Aa har valt hydrogen til framdrift. Det gir nullutsleppsløysing og moglegheit for å lagre store energimengder om bord. Det siste er viktig for å oppnå lang rekkevidd.

Har starta opp at produksjonen etter uvêret

Skadar for minst 50 millionar ved Brødrene Aa: – Vi skal få anlegget opp å gå igjen, men det vil ta tid

Den nye fartøyet, Aero 42, er designa for framtida. Katamaranfartøyet er 42.8 meter langt og kan operere i 34 knops fart over avstandar opptil 150 nautiske mil. Brenselceller og lagertankar for hydrogen er plassert heilt akter.

Designen med slanke skjerande skrog sikrar god energiøkonomi. Materialval og design gjer fartøyet svært lett, og i tillegg er god passasjerkomfort og universell utforming tatt i vare.

Trygg hydrogenlagring i hamn

Sikker lagring av hydrogen er ei utfordring i sentrale hamneområde. Brødrene Aa tilfører Trøndelags-prosjektet ei ny løysing via sitt nære samarbeid med den nasjonale hydrogenklynga Ocean Hyway Cluster, heiter det i pressemeldinga.

Trond Strømgren, leiar for forsking og utvikling i klynga, har vore med å utvikle det banebrytande konseptet Deep Purple for lagring av hydrogen på sjøbotnen.

– Konseptet gjør det mogeleg å lagre store mengder hydrogen i tankar på sjøbotnen og i god avstand frå f.eks. Brattøra kai. Hydrogenet blir ført til kaiterminalen via røyr og fartøya bunkrar berre den mengda hydrogen dei treng. Dermed unngår ein all risiko ved lagring av hydrogen på kaiområdet, seier Trond Strømgren i pressemeldinga.

Trond Strømgren

Trond Strømgren Foto:

Artikkeltags