Her kan du campe gratis laurdag

Førde camping, ved Bjørn Inge Geithus, er ein av tre campingplasar der du kan telte gratis i helga.

Førde camping, ved Bjørn Inge Geithus, er ein av tre campingplasar der du kan telte gratis i helga. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

FYLKET: Feirar «teltets dag» med gratis camping tre stadar.

DEL

Kommande helg, frå 25. til 26. juni kan du telte gratis på tre campingplassar i Sogn og Fjordane.

Det er nemleg «Teltets dag» i regi av NHO Reiseliv, Nasjonalt Campingnettverk og Norsk Turistutvikling. Det er andre år på rad at norske campingbedrifter inviterer til gratis sommarovernatting i telt. 14 campingplassar i seks fylke har meldt seg på.

Frå Sogn og Fjordane deltek Nore Fjordsenter i Nordfjord, Førde Gjesthus og Camping og Sande Camping i Gaular. Det melder NHO Reiseliv i ei pressemelding.

Målgruppa er barnefamiliar, men alle kan delta. Kvar campingplass tilbyr uteaktivitet, pluss felles grilling laurdag kveld.

– Målet med «Teltets dag» er å vise dei verdiar som campingproduktet representerer og den rekreasjonsmessige verdien som campinglivet kan ha for kropp og sjel. Vi ønsker at flest mogleg skal få prøve ut teltlivet, seier Jan-Henrik Larsen, avdelingsleiar for camping i NHO Reiseliv, i ei pressemelding.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken