Svanøylaks den første i fylket til å få Spesialitetsmerke

Gro Tveit Sveen, dagleg leiar i familiebedriften Svanøy Røykeri, er glad for at Matmerk har anerkjent kvaliteten på produkta deira.

Gro Tveit Sveen, dagleg leiar i familiebedriften Svanøy Røykeri, er glad for at Matmerk har anerkjent kvaliteten på produkta deira. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Veldig stas, seier dagleg leiar Gro Tveit Sveen.

DEL

Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen informerer i ei pressemelding tysdag at Svanøy Røykeri har fått tildelt Spesialitetsmerke.

Svanøy Røykeri er den første i Sogn og Fjordane til å få tildelt merket.

– Det er veldig stas. Vi søkte om merket i fjor, og sende produktar til ein jury for smaksbedømming 17. desember. Det er strenge krav til Spesialitetsmerket, så dette er vi veldig glade for, seier dagleg leiar Gro Tveit Sveen.

Eit kvalitetsstempel

Den offisielle mottakinga av Spesialitetsmerket skjer på Svanøy i morgon.

– Vi håper med dette å få eit kvalitetsstempel ute i marknaden, med høgt fokus på kvalitet, både med råvarer og gjennom heile produksjonsprosessen. Vi saltar, røyker og filtrerer på gamlemåten, og laksen som vert røykt, kjem frå eige anlegg, fortel Tveit Sveen.

Familiebedrift

Svanøy Røykeri sel til Coop Mega og Coop Extra i fylket, i tillegg til Meny-butikkar i Bergen og Oslo.

– Det er bra å få anerkjent kvaliteten utanfrå. Ønsket er jo så klart å auke salet av produkta, seier Tveit Sveen.

Røykeriet er ei familiebedrift. I 2015 var omsetninga på 3,8 millionar kroner.

GroTveit Sveen i røykeriet.

GroTveit Sveen i røykeriet. Foto:

Dette er krava til eit Spesialitetsmerke:

«Produktet som bærer dette merket er laget i Norge og oppfyller fastsatte krav for råvare, produksjonsmetode og/eller oppskrift. Beste lokale råvarer, beste lokale oppskrifter, lidenskapelige og stolte fagfolk. Spesialitet-merket skal bidra til større mangfold og verdiskaping i norsk matproduksjon. For å kunne vurderes må produktet oppfylle noen fastsatte krav. Deretter blir det bedømt av et uavhengig fagutvalg med høy matkompetanse. Blir det her vurdert som en unik smaksopplevelse sammenlignet med andre produkter i samme kategori, så kan det tildeles Spesialitet.»

Spesialitetsmerke er eigd av Matmerk, ein uavhengig stifting som skal bidra til auka mangfald, kvalitet og verdiskaping i norsk matproduksjon.

Artikkeltags