Jan Petter (38) frå Florø forlet Sparebanken Vest og går til sjefsjobb i Fjord1

BANKSJEF: Jan Petter Jagedal Thomsen begynner som regionssjef i Fjord1.

BANKSJEF: Jan Petter Jagedal Thomsen begynner som regionssjef i Fjord1. Foto:

FLORA: Begynner som regionssjef den 1. november.

DEL

Ferjeselskapet Fjord1 veks, og utvidar til fire regionar, opp frå tre. Geir Vangen (53) frå Loddefjord blir sjef for den nye region 4, som omfattar Hordaland.

For å ta over jobben hans, kjem Jan Petter Jagedal Thomsen (38) frå Florø inn som sjef for region 2. Jagedal Thomsen kjem frå stillinga som banksjef i Sparebanken Vest.

Han trer inn som regionssjef den 1. november, og får då ansvar for Fjord1 sine samband i Romsdal, Midtre Sunnmøre og lokalbåtane i Sogn og Fjordane.

Driftsdirektør i FJord1, André Høyset er nøgd med tilsettingane.

– Vi omstiller selskapet slik det er mest føremålstenleg i møte med det grøne skiftet, der ny teknologi og ny kompetanse står sentralt. Fjord1 har vunne mange nye «grøne kontraktar» dei siste par åra, og vi har auka behov for kompetanse innan endringsleiing. Vi har difor henta inn leiarar frå ein bransje som har vore gjennom store omstillingar over lang tid, og meiner dette er viktige erfaringar med tanke på vår maritime verksemd som skal gire om tildet grøne skiftet, fortel Høyset.

Artikkeltags