Positivt kvartal for Fjord1

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland framfor den nye batteriferja Gloppefjord på strekninga Anda-Lote.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland framfor den nye batteriferja Gloppefjord på strekninga Anda-Lote. Foto:

Av

Ferjeselskapet Fjord1 hadde eit resultat på 104 millionar kroner etter skatt i andre kvartal. Det er administrerande direktør Dagfinn Neteland fornøgd med.

DEL

Ferjeselskapet Fjord1 hadde eit resultat på 104 millionar kroner etter skatt i andre kvartal. Det er administrerande direktør Dagfinn Neteland fornøgd med.

– Sjølv om vi er i eit overgangsår med lågare volum og høge investeringar, har vi positive resultat i alle dei fire segmenta og ein driftsmargin på 33 prosent, som er på same nivå som i andre kvartal i fjor, seier Neteland i ei pressemelding.

Rekneskapane er prega av store investeringar i nye, miljøvennlege ferjer i samband med overtaking av nye kontraktar neste år. Avviklinga av ruta Halhjem – Sandvikvåg i Bjørnefjorden har òg medverka til lågare volum og omsetning i kvartalet.

Omsetninga i Fjord1 i første halvår er 12 prosent lågare enn i same perioden i fjor, men det er ein trend selskapet reknar med å snu når dei kjem i gang med fleire nye kontraktar neste år.

Artikkeltags