Kan bli endå meir ferjebygging i Leirvik

HJØRNESTEINSBEDRIFT: Supplyskipbygging for Havila var lenge eit viktig grunnlag for Havyard Leirvik. No kan ferjebygging kome inn i staden.

HJØRNESTEINSBEDRIFT: Supplyskipbygging for Havila var lenge eit viktig grunnlag for Havyard Leirvik. No kan ferjebygging kome inn i staden. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HYLLESTAD: Fjord1-eigar Per Sævik har som klar filosofi at det skal skapast ringverknader og arbeidsplassar lokalt.

DEL

Offshore-aktiviteten tørka inn, og Sævik-eigde Havilas bygging av supplybåtar ved hans eige Havyard-verft i Hyllestad tok slutt. Men no er det duka for utrusting av tre nye ferjer til Fjord1, der Sævik i haust vart største eigar, og fleire kan det kanskje bli, seier reiaren og industrimannen på Sunnmøre. Han legg ikkje skjul på at det er eit ønske å tilføre Hyllestad-verftet oppdrag. Men føresetnaden er at Havyard Leirvik greier å vere konkurransedyktig, slik tilfelle var då dei tre ferske ferjekontraktane vart sikra.

– Det vil ikkje vere direkte negativt, om det blir fleire ferjeoppdrag på Havyard framover. Men vi lever i ein nasjonal og internasjonal marknad. Konkurransen blir tøff, men det kan vere mogleg at det dryp meir på arbeidsplassane i Hyllestad, seier Per Sævik til Firda.

Samfunnsdimensjon

– Det å skape ringverknader er kanskje hovudfilosofien vår. Vi ønskjer å trygge arbeidsplassar, først og fremst i vår eigen landsdel. No har vi opplevd ei tid der Havyard har redusert frå 900 til 650 tilsette, og der Havila har redusert frå 850 til 600. Det har vore ein tøff periode. Ingen må tru at dette ikkje har vore følsamt og vanskeleg. Vi må tilpasse oss etter marknaden. Men vi er interesserte i å bygge arbeidsplassar, og vi ønskjer at dei ulike verksemdene spelar på kvarandre og gjer kvarandre gode. Men det finst ikkje gratisbillett. Du må vere konkurransedyktig på pris og kvalitet, seier Sævik.

– Men for deg blir det vel også ein vinn-vinn-situasjon, når investeringskostnader frå ferjeselskapet du eig blir kanalisert inn i eige verft, etter at bygginga av supplybåtar forsvann?

– Det blir det sjølvsagt. Offshore gjekk utfor stupet, og når Fjord1 ligg i Florø, og Havyard ligg i Leirvik, høver ferjebygginga godt for Havyard, som no ikkje lenger har supplybåtbygginga å leve av. I tida som kjem blir det ei ikkje ubetydeleg utskifting av ferjemateriell, i samband med det grøne skiftet. Då blir det viktig for Havyard å kome seg inn i denne marknaden.

OVERTOK: Per Sævik fekk full kontroll over Fjord1 i august. Her er han i samtale med fylkesordførar Jenny Følling (Sp), før fylkestingsmøtet der Sogn og Fjordane vedtok å selje seg ned i selskapet.

OVERTOK: Per Sævik fekk full kontroll over Fjord1 i august. Her er han i samtale med fylkesordførar Jenny Følling (Sp), før fylkestingsmøtet der Sogn og Fjordane vedtok å selje seg ned i selskapet. Foto:

Gav lovnad

– Hausten 2015 frykta mange fylkespolitikarar at du ville slakte Fjord1. Då du møtte fylkestinget i august, lova du å vere ein ansvarleg eigar av ferjereiarlaget. Er ferjekontrakten til Havyard ein del av denne lovnaden?

– Eg trur at du kan meine det. Kontrakten gir også monalege ringverknader for andre verksemder i området. Her handlar det om ein nyttig teknologi, som det er viktig å ta vare på og utvikle vidare i Norge, seier Per Sævik.

Kontrakten som no er inngått, gjeld tre elektriske ferjer, som er designa av Multi Maritime i Førde. Den første ferja skal leverast i midten av mai 2018, dei to siste mot slutten av 2018. Kontrakten har ein verdi på rett under ein halv milliard kroner.

Artikkeltags