Fjord1 signerte milliardkontrakt

VANN ANBODET: Fjord1 signerte torsdag Nordmørspakken. Dagfinn Neteland er nøgd. – Ei stor og viktig kontrakt, seier han.

VANN ANBODET: Fjord1 signerte torsdag Nordmørspakken. Dagfinn Neteland er nøgd. – Ei stor og viktig kontrakt, seier han. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Med «Nordmørspakken» skal dei bygge fem nye ferjer.

DEL

Fjord1 signerte torsdag milliardkontrakten «Nordmørspakken» med Møre og Romsdal fylkeskommune om fire fylkesvegsamband. Det kjem fram i ei pressemelding.

Dei fire ferjesambanda er Edøya – Sandvika, Arasvika–Hennset, Seivika–Tømmervåg og Kvanne–Rykkjem, og kontraktsperioden er frå 1.1.2020 til 31.12.2030.

Fem av dei seks ferjene på sambanda blir nybygg, som vil gje ei omfattande oppgradering samanlikna med dagens materiell, ifølge Fjord1. Alle nybygga blir moderne el-ferjer som primært skal gå heilelektrisk. Det skal i tillegg vere installert dieselgeneratorar for å sikre driftsstabilitet ved til dømes bortfall av straum frå land.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er nøgd med å vinne anbodet.

– Dette er ei stor og viktig kontrakt for Fjord1, der vi vinn fram med nye og svært miljøvennlege fartøy. Vi er stolte over å vere leiande i næringa innan «det grøne skiftet». I tillegg til dei store utsleppskutta som dei fem nye fartøya for sambanda representerer, vil det også innebere eit stort kvalitetsløft for våre reisande. Eg vil også nytte høve til å trekke fram fylkeskommunen sin vilje til å premiere miljøvennlege og framtidsretta løysningar. Vi gler oss stort til å sette i gong, seier Neteland i pressemeldinga.

Kontrakten har ein verdi på om lag 1,9 milliardar kroner.

Artikkeltags