Leppefisk-kvotar blir selde for millionar

KVOTE PÅ LEPPEFISK: Berggylt er ein leppefisk som et lakeslus frå levande laks.

KVOTE PÅ LEPPEFISK: Berggylt er ein leppefisk som et lakeslus frå levande laks. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Tidlegare i år blei det vedteke å regulere leppefisket med eigne kvotar. No har fleire leppefiskarar begynt å selje kvotane sine for millionsummar.

DEL

Det skriv Dagens Næringsliv.

– Eg fekk det eg ville ha frå ein lokal kjøpar, seier Reidar Skåtøy frå Os utanfor Bergen som har selt leppefiskkvoten sin for 1,2 millionar kroner.

Sjølv synest han ikkje det er ein urimeleg pris og peikar på at ein leppefiskar fort kan omsetje for 700.000 til 750.000 kroner i året. Grunnen er den store etterspurnaden etter leppefisk som reinsefisk i oppdrettsnæringa.

Også fleire andre leppefiskarar skal ha lagt kvotane sine ut for sal. Til saman finst det vel 200 fiskarar som har kvotar på å fiske leppefisk.

Grunnen til at det blei innført kvotar for fiske etter leppefisk er den kraftige auken i leppefiske. Den vesle fisken er nemleg svært etterspurd som reinsefisk i oppdrettsnæringa sidan han et lakselus.

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) har fått hard kritikk for at han ikkje har innført noka form for reguleringar av kvotane.

Sandberg seier han har forståing for at det å lukke fiske etter leppefisk kan vere krevjande for fleire fiskarar, men meiner det var nødvendig å innføre strengare reglar for å hindre overfiske.

– Når det gjeld prisen fartøyeigarane avtalar seg imellom som private eigarar, legg ikkje styresmaktene eller politikarane seg opp i dette, seier fiskeriministeren.

Artikkeltags