I år er det rømt fleire laks enn i heile 2017

LUS: Denne laksen har fire vaksne holus, pluss tydlege raudmerke etter luseåtak.

LUS: Denne laksen har fire vaksne holus, pluss tydlege raudmerke etter luseåtak. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Sjølv om det rømde lite laks i fjor, er oppdrettsfisk framleis rekna som ein betydeleg risiko for dei ville laksebestandane.

DEL

– Genetiske endringar grunna innkryssing av oppdrettslaks er påvist eller indikert i 115 av 175 villpopulasjonar som er undersøkt så langt. Det vert gjennomført ei rekke reduserande tiltak, og i 2017 var berre rapportert rømming av 10.000 laks, men berre til no i år har det rømt mange gonger så mykje, seier prosjektleiar for årets risikorapport, Ellen Sofie Grefsrud i ei pressemelding.

Redusert velferd for laksen

I Havforskingsinstituttet sin årlege risikorapport om norsk fiskeoppdrett, meiner forskarar at lus og rømt fisk er dei største miljøutfordringane.

Dei siste åra har det vore ei stor endring på dødelegheitsmønsteret hos oppdrettslaksen i løpet av produksjonssyklusen.

– Den gode nyheita er at dødelegheita dei første månadane i sjø er halvert, men samstundes har nye avlusingsmetodar ført til auka dødelegheit og redusert velferd for stor laks. Totalt sett er difor tal på laks som døyr i norske oppdrettsmerdar det same som før, ifølge Grefsrud.

Utviklar resistens

Også det at lakselusa utviklar resistens mot legemiddel er eit problem. Det har ført til ein aukande bruk av alternative metodar for å avluse fisken. Bruk av reinsefisk og mekanisk avlusing har vorte vanleg, men begge desse har utfordringar, fortel Grefsrud.

– Når det gjeld reinsefisk ser vi at det er høg risiko for dårleg fiskevelferd i merdane. Eit anna problem er at mykje av denne fisken blir fanga og transportert over store avstandar. Den kan difor ta med seg smitte frå det området det vart fanga og til området den blir sett ut i, og viss den rømmer kan den påverke dei lokale bestandane drastisk.

Mekanisk avlusing kan utførast ved å overføre fisken til varmt vatn eller ferskvatn, eller at fiske blir spylt. Også her ser forskarane at det oppstår mykje skade på fisken, og at det ikkje er uvanleg at dei døyr ved avlusing.

Artikkeltags