Nordic Mining til børsen: – Engebø-prosjektet er lønsamt

GRUNDIG: – Eit omfattande arbeid, teknisk og kommersielt, ligg bak studien. No går direktør Ivar S. Fossum (bildet) og Nordic Mining vidare med finansiering og bygging.

GRUNDIG: – Eit omfattande arbeid, teknisk og kommersielt, ligg bak studien. No går direktør Ivar S. Fossum (bildet) og Nordic Mining vidare med finansiering og bygging. Foto:

Den doble produksjonen av rutil og granat i kombinasjon gir ein lønsam og robust økonomi for Engebø-prosjektet.

DEL

Det skriv Nordic Mining i ei melding til Oslo Børs klokka 08.00 tysdag.

Har venta lenge

Både lokalsamfunn, kommune og investorar har venta lenge på den såkalla moglegheitsstudien frå gruveselskapet, som vart sleppt tysdag morgon.

Det er snart 13 år sidan, i 2007, at Nordic Mining starta med å utvikle Engebø-prosjektet. Gruveselskapet tok utgangspunkt i rutil, men dei siste åra har i tillegg utvinning av granat blitt viktig.

– Sterk kontantstraum og rask tilbakebetaling av investeringane gjer prosjektet lønsamt, melder Nordic Mining til børsen.

Netto kontantstraum for prosjektet er 2160 millionar dollar.

Fossum: – Finansiering neste

Administrerande direktør Ivar S. Fossum seier i meldinga at den endelege moglegheitsstudien gir ei sterk og robust plattform for gjennomføring av Engebø-prosjektet.

Fossum uttalar at det er gjort eit omfattande arbeid, teknisk og kommersielt, for å redusere og avbøte risiko, og dette gir ei sterk og robust plattform for gjennomføring av Engebø-prosjektet.

– Vi ser no fram til å gå vidare med prosjektfinansieringa og sette kurs for bygging og produksjon, seier Fossum ifølge børsmeldinga.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags