Fleire jobbar fulltid i byggebransjen

Av
DEL

I 2018 jobba éin av fire tilsette vikarar i byggebransjen i deltidsstillingar under 20 prosent. No har talet falle til berre 2,9 prosent.

NHO seier til Klassekampen at det markante fallet på så kort tid kan forklarast med samarbeidet med fagrørsla. I juni vart NHO samd med Fellesforbundet om ein ny arbeidsavtale for dei rundt 10.000 bygningsarbeidarane i bemanningsselskapa.

– Det er ærleg talt noko nytt at vi har sett oss ned saman med Fellesforbundet. Det kunne vi kanskje gjort før, seier administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service og Handel til avisa.

I 2018 hadde 26,5 prosent av tilsette bygningsarbeidarar i vikarbyråa stillingar frå 5 til 19 prosent av heiltidsjobb. Samtidig hadde 25, 5 prosent stillingar på mellom 80 og 100 prosent. No er berre 2,9 prosent av dei tilsette i stillingsbrøk under 20 prosent, og heile 36,9 prosent har mellom 80 og 100 prosent stilling.

Kaltenborn seier at halvparten av bedriftene no svarer at dei tatt i bruk avtalen. Resten av dei svarer at dei får han på plass før nyttår. NHO har stilt som krav til medlemsbedriftene sine at dei må stille seg bak avtalen med Fellesforbundet for å framleis vere medlemmer.

(©NPK)

Artikkeltags