Gigantfond skal bygge ut Guleslettene i Bremanger

SILUETT: Fleire av vindturbinane blir godt synlege frå sentrum av Florø.

SILUETT: Fleire av vindturbinane blir godt synlege frå sentrum av Florø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Investeringsfondet Blackrock kjøper vindparken. Stangeland Maskin skal bygge - og det gir arbeid til mellom 50 og 60 i byggeperioden.

DEL

Fond forvalta av det gigantiske investeringsfondet Blackrock kjøper Guleslettene vindpark i Sogn og Fjordane frå Zephyr, etter at selskapet tidlegare har kjøpt vindparken Tellenes i Rogaland. Det melder E24 torsdag ettermiddag.

Ifølge Blackrock blir vindparken på opptil 197,4 megawatt, og består av 47 vindturbinar frå danske Vestas på 4,2 megawatt kvar. Kvar mølle vil ha ein navhøgde (hubheight) på 90 meter og ein rotordiameter på 136 meter, skriv Firdaposten.

I tillegg skal aluminiumsprodusenten Alcoa kjøpe 100 prosent av parken sin kraftproduksjon i ein periode på 15 år.

Kjøpet skjer gjennom Blackrock-fondet Global Renewable Power II, som hittil har investert over 75 prosent av i alt 1,65 milliardar dollar i kapitaltilsagn i 12 forskjellige eiendeler innanfor infrastruktur til fornybar energi på fire kontinenter.

Stavangerselskap får totalentreprisen

Samstundes blei det klart at stavangerselskapet Stangeland Maskin AS får totalentreprise på bygginga. Stangeland og deira underleverandørar vil kontraktane i snitt gi arbeid til mellom 50 og 60 personar i anleggsperioden. Og rigginga av anleggsområdet tek til 1. juli. Det melder Stavanger Aftenblad torsdag ettermiddag.

– Vi har tileigna oss omfattande kunnskap og erfaring med vindkraftprosjekt. Det er veldig tilfredsstillande at denne kompetansen gir oss nye oppdrag. Vi gler oss til å komme i gang på ein ny plass i Norge, og kjem til å inngå avtaler med fleire lokale leverandørar i Florø-området, seier markedssjef i Stangeland Maskin, Tore Voster.

Bystyret ber om 200 meter 

NCC skal bygge fundamentet

Det er selskapet sin underleverandør NCC i Florø som skal bygge fundament til turbinane, servicebygg og turisthytta og Nettpartner frå Mandal som skal levere elektroinstallasjonane, seier Stangeland Maskin til Stavanger Aftenblad.

Prosjektet har ein byggetid på rundt 2 år, og vindturbinane blir installert våren 2020, melder Stavanger Aftenblad.

Artikkeltags