Streik fører til stengde kontor og lang ventetid

STENGT: Kontoret i Førde er stengt som følge av streik. Forhandlingane mellom LO Finans og Finans Norge pågår enno.

STENGT: Kontoret i Førde er stengt som følge av streik. Forhandlingane mellom LO Finans og Finans Norge pågår enno. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

STREIK: LO Finans og Finans Norge kom ikkje til einigheit. Frå torsdag morgon var det streik og stengde dører i fleire bankar i Norge.

DEL

1200 medlemer i LO er tekne ut i streik frå torsdag morgon. Sparebank 1 SMN i Førde er ein av dei som har stengde dører i dag.

– Vi kravd rett til å opprette tariffavtale og det same tillegget ved tidlegpensjon som andre tilsette i privat og offentleg sektor har fått. Det var det ikkje mogleg å få Finans Norge med på, difor streikar vi, uttalar LO sin nestleiar, Peggy Hessen Følsvik i ei pressemelding.

Førde og Øvre Årdal stengt

På Sparebank 1 SMN sine nettsider skriv dei at det er totalt 12 tilsette i banken som er tekne ut i streik.

«1200 medlemmer har blitt tatt ut i streik frå torsdag kl. 08.00. I SpareBank 1 SMN gjelder dette 12 tilsette. Streiken fører til at banken må stenge sine to kontor i Sogn og Fjordane; Førde og Øvre Årdal. Det kan også ta litt lengre tid å få behandla forsikringsskadar. Andre tenester rammes ikkje av streiken.»

Bankar og forsikringskontor som har stengt frå torsdag morgon

  • DNB
  • Nets
  • Conecto AS avd. Bærum
  • Exela Technologies AS avd. Mo i Rana
  • Gabler Pension Services AS avd. Oslo
  • Jernbanepersonalets Forsikring Gjensidig avd. Trondheim
  • Jernbanepersonalets Sparebank avd. Trondheim
  • Odin Forvaltning AS
  • Oslo Pensjonsforsikring AS
  • SpareBank 1 Banksamarbeidet DA
  • Sparebank 1 Factoring AS avd. Oslo
  • Sparebank 1 Kundesenter AS
  • Sparebank 1 Medlemskort ASSparebank 1 Regnskapshuset BV AS avd. Larvik
  • Sparebank 1 Regnskapshuset BV AS avd. SandefjordSparebank 1 Skadeforsikring ASSparebank 1 ØstlandetSpareBank1 Buskerud-VestfoldSpareBank1 Forsikring ASSpareBank1 GudbrandsdalSpareBank1 HallingdalValdres Sparebank1Nord-Norge SpareBank1Nordvest SpareBank1Ringerike HadelandSpareBank1 SMNSpareBank1 SR-Bank ASASpareBank1 Søre SunnmøreSpareBank1 Østfold AkershusSparebanken TelemarkSparebanken Vest – Personalavd.
  • Vardia Forsikring AS avd. PorsgrunnVardia Forsikring AS avd. Sortland

Artikkeltags