Nordea får lov til å kjøpe Gjensidige Bank

NÆRINGSLIV: Konkurransetilsynet tillet oppkjøpet av Gjensidige Bank. Det skriv Nordea i ei pressemelding torsdag.

DEL

Nordea signerte avtalen om å kjøpe alle aksjane i Gjensidige Bank 2. juli i år. No har konkurransetilsynet gitt klarsignal.

– No er vi eitt skritt nærare realiseringa av oppkjøpet, seier John Sætre, leiar for personmarknaden i Nordea Norge.

Oppkjøpet vil gje Nordea 170.000 nye kundar på personmarknaden, og låneporteføljen til private lånetakarar aukar frå kring 45 milliardar til rundt 578 milliardar kroner.

– Oppkjøpet viser at vi ønsker å satse på personmarknaden i Norge, og vi ser fram til å starte arbeidet, seier Sætre.

Overtakinga skal etter planen gjennomførast i første kvartal av 2019. Kundane vil få ein ny bank å halde seg til i løpet av året.

Før alt er i boks skal også Finansdepartementet seie sitt om saka. Det er derfor ikkje mogleg for Nordea å seie noko meir om prosessen vidare for mellom andre dei tilsette i Førde.

Artikkeltags