Tone Damli tilbake i MGP-sirkuset

KLAR FOR MGP: Tone Damli er igjen klar for delta i Melodi Grand Prix.

KLAR FOR MGP: Tone Damli er igjen klar for delta i Melodi Grand Prix. Foto:

Ho er ein av fem som er direkte til finalen i Trondheim.

DEL

Tone Damli er igjen klar for Melodi Grand Prix.

Dette melder NRK måndag ettermiddag.

I år er det 60-årsjubileum for musikkonkurransen. For å feire dette tar dei tilbake landsdelsfinalane der fire artistar skal kjempe om å kunne representere sin landsdel i den store finalen i Trondheim 15. februar.

Det er også fem artistar som har blitt førehandskvalifisert til finalen, der finn vi sogndølen Tone Damli som igjen entrar MGP-scena.

– Dette er veldig kjekt. Eg har hatt lyst til å gjere dette i mange år, men har ikkje følt at tida var heilt riktig. No er det riktig, seier artisten under pressekonferansen.

Sogndølen var med i MGP med songen «Butterflies» i 2009, men kom på ein andreplass etter Alexander Rybak. Og sjølv om låten til Damli selde til platina og låg på VG-lista i 17 veker er det ikkje det ein lik låt vi kan forvente av ho denne gongen.

– Det er ikkje ein ny «Butterflies». Den nye låten har eg sjølv vore med å skrive og det er veldig stas. Den er mid-tempo, litt pompøs og handlar om den litt vanskelege kjærleiken, seier popdronninga.

Artikkeltags