Mathilde skaut seg til topps

Mathilde Håvåg Wergeland kom på delt 1. plass blant heile 86 skyttarar i rekruttklassen i det nasjonale stemnet Norma Open i Oslo i helga.

Mathilde Håvåg Wergeland kom på delt 1. plass blant heile 86 skyttarar i rekruttklassen i det nasjonale stemnet Norma Open i Oslo i helga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Mathilde Håvåg Wergeland frå Oppedal/Brekke vann klasse Rekrutt 11-13 år i Norma Open i Oslo i helga med 250 poeng og 18 innertiarar.

DEL

Med det delte ho førsteplassen med venninna Kristin Husum frå Leikanger. Det skriv avisa Nordhordland.

Norma Open er det nest største innandørstemnet i landet med ca. 950 deltakarar. Berre Oslo Open er større med ca 1100 skyttarar. I rekruttklassen deltok 86 skyttarar.

I helga tok 23 Gulen-skyttarar turen over fjellet for å få med seg desse to pluss to stemner til. Det var mykje god skyting av fleire, men Mathilde Håvåg Wergeland var den som fekk det beste enkeltresultatet.

Med sigeren i klasse Rekrutt vart ho også kvalifisert til Superfinalen som er heilt spesiell for dette stemnet. Der dei to beste frå kvar klasse blir kvalifisert og skyt mot kvarandre uavhengig av klasse. Finaleskytinga var skikkelig showprega, der ein skaut enkeltskot under dunkande musikk, dempa belysning og ein ivrig speaker som kommenterte skot for skot.

Mathilde enda som nr. 10 i finalen, som «legenda» Odd Kolsrud på 78 år vann.

Artikkeltags