Delar ut ny pris under Luttprisen

NOMINERTE: Nokre av dei nominerte til Årets blest, ein Luttpris som skal delast ut i år.

NOMINERTE: Nokre av dei nominerte til Årets blest, ein Luttpris som skal delast ut i år. Foto:

For første gong blir det utdeling av «Årets blest» under Luttpris-showet.

DEL

– Det er viktig å sette pris på dei som legg til rette, viser fram, produserer, arrangerer og engasjerer, skriv Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Han er prosjektleiar for Luttprisen.

I år skal dei dele ut ein ny, tredje pris, i tillegg til årets artist og årets nykommar: Årets blest. Blant finalistane er festivalar, klubbar, låtskrivarar, spelemannslag og produsentar.

Publikum har vore med å nominert til prisen.

– Utan denne gjengen hadde ikkje artistane våre komme så langt som dei har gjort. Dette er utruleg viktige personar og organisasjonar, og eg meiner dei får alt for lite heider, skriv Sjursen Takle.

Dei nominerte til Årets blest er:

  • Inge Ronny Kvåle – produsent, musikar, låtskrivar og arrangør med eige platestudio i Sogndal
  • Alexander Pavelich – produsent, låtskrivar og artist frå Nordfjordeid
  • Spelemannslaget Fjelljom – arrangerer mellom anna Fjelljomfestivalen, held til i Stryn
  • Jølster jazzklubb – har arrangert Jazz på Jølst i snart ti år
  • Frode Kvinge Flatland – produsent og låtskrivar frå Førde
  • Malakoff – festival på Eid som årleg drar rundt 30.000 besøkande
  • Dan Mikal Ripe Frøystad – produsent med eige platestudio i Sunnfjord
  • Førdefestivalen – har levert internasjonal og prisvinnande festival i over 30 år i Førde

Les meir om årets Luttpris og kven som er nominert som Årets artist og Årets nykommar her:

Artikkeltags