Kjartan Lauritzen skal turnere over heile Norge

SKAL PÅ VINTERTURNE: Per Áki Sigurdsson Kvikne med artistnamnet Kjartan Lauritzen har storma opp og fram som rap-artist dei siste åra.

SKAL PÅ VINTERTURNE: Per Áki Sigurdsson Kvikne med artistnamnet Kjartan Lauritzen har storma opp og fram som rap-artist dei siste åra. Foto:

KULTUR: Lovar ny musikk og sin største turne hittil på nyåret.

DEL

Rapparen frå Balestrand har hatt litt av eit år med Spellemann-nominasjon, Luttpris og kritikarrose konsertar.  Han ser ikkje ut til å gire ned.

På nyåret 2019 reiser han ut på ein landsdekkande turne, skriv Kjartan Lauritzen sjølv på Facebook:

«Eg starta 2019 med min til no største turné!! Med på turen blir det ny musikk xD Eg gleder meg så masse til å spele konsert for dikka at eg faen meg spyr overalt!!!!»

Turneen begynner i Danmark, og held fram nordover gjennom Norge.

Slik ser turnelista ut, ifølge Gaffa.no:

  • 11. januar - København
  • 12. januar - Oslo, Sentrum Scene
  • 13. januar - Bergen, USF Verftet
  • 14. februar - Trondheim, Storsalen Samfundet
  • 15. februar - Volda, Veka
  • 16. februar - Terminalen Ålesund
  • 17. februar - Rognan, Blåfrost
  • 18. februar - Bodø, Sinus

Artikkeltags