Avskilta tre bilar i kontroll på Byrkjelo og Sandane

DEL

Statens vegvesen kontrollerte torsdag personbilar i kontrollar på Byrkjelo og Sandane. Det var ein kontroll som kombinerte bilbelte og automatisk skiltgjenkjenning.

Ein førar vart politimeld for å ha usikra barn i bilen. To bilførarar og ein passasjer fekk gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte.

Verst gjekk det for tre køyretøy som ikkje hadde gjennomført EU-kontroll, eller Periodisk køyretøykontroll som det formelt heiter. Dei vart avskilta på staden.

Artikkeltags