Snart kan du lade mobilen trygt om natta

TRYGGARE: Eit nytt og trygt batteri for mobiltelefonar er på trappene.

TRYGGARE: Eit nytt og trygt batteri for mobiltelefonar er på trappene.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

TEKNOLOGI: Ein ny type batteri reduserer brannfaren til ein brøkdel.

DEL

Eit gjennombrot, meiner forskarane ved Institutt for energiteknikk (IFE). Dei stå bak det nye Litium-ion-batteriet.

Sikrare batteri

Dagens generasjon med Lituim-ion-batteri finst over alt, men det skjer ulykker med til dels dramatiske følger.

– Vi brukar dei i bilar og mobiltelefonar, alle moglege typar verktøy, har dei i lomma, på handleddet og på nattbordet. Det er difor viktig å lage batteri med stadig aukande kapasitet, men det er også viktig å gjere batteria sikrare, seier seniorforskar ved IFE, Magnus H. Sørby.

Den største tryggleiksrisikoen i dagens batteri er den såkalla elektrolytten, ein svært brennbar væske som leier Li-ion mellom elektrodane inni batteriet. Det er på grunn av brannfaren i elektrolytten at ein vert åtvara mot å lade mobilen om natta.

Mange forsøk

Brann i elektrolytten har også ført til at Boeings Dreamlinerar er sett på bakken, medan Samsung vart tvunge til å tilbakekalla meir enn éin million Note 7-telefonar.

Det har vore gjort mange forsøk internasjonalt på å bytte ut den flytande elektrolytten med eit stoff som ikkje er brennbart. Men så langt har dette gitt dårlegare leigeevne og dermed mindre effekt i batteria.

Det er blant anna denne gåta IFE-forskarane no trur dei har løyst.

– Vi har utvikla eit nytt fast materiale som leier Litium-ion nesten like godt som flytande elektrolyttar, seier avdelingsleiar Bjørn Christian Hauback ved IFE.

Vekker oppsikt

– I tillegg ser materialet ut til å opptre stabilt og heilt sikkert saman med elektrodane i batteriet. Denne kombinasjonen er det ingen andre som tidlegare har kunna dokumentera, seier han.

Ifølge IFE har gjennombrotet allereie vakt oppsikt, blant anna hos miljø som er tett på store bilprodusentar i både Europa og Asia.

Artikkeltags