Vil fjerne miljøbomber i hagane

MILJØBOMBE: Om ein har ein slik oljetank i hagen og den byrjar å lekke gamal olje, så kan det gje mykje forureining. – Dei har ei levetid på 25-30 år, seier Sigmund Flaten.

MILJØBOMBE: Om ein har ein slik oljetank i hagen og den byrjar å lekke gamal olje, så kan det gje mykje forureining. – Dei har ei levetid på 25-30 år, seier Sigmund Flaten. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Mange har slike oljetankar i hagen. – Ein liter olje kan forureine hundre tusen liter drikkevatn, seier Sigmund Flaten i Oljefri Sogn og Fjordane.

DEL

Denne veka håpar han og Oljefri Sogn og Fjordane å overbevise sunnfjordingane om å fjerne gamle oljetankar frå hagane sine.

– Desse tankane er laga av anten stål eller glasfiber, og mange av dei var lagt ned på 50-70-talet. Dei har ei oppgitt levetid på 25–30 år, så det betyr at det ligg mange tankar rundt om som kan gje lekkasjar, seier Sigmund Flaten i Oljefri Sogn og Fjordane.

Årsaka til at Flaten og fleire med han er så uroa for desse oljetankane, er at det kan gå hol i dei slik at gammal olje sig ut i grunnen.

Dyr opprydding

– Då vert grunnen forureina, og så lite som ein liter olje kan forureine så mykje som hundre tusen liter drikkevatn, seier Flaten.

Han legg til at du som grunneigar då vert økonomisk ansvarleg for å rydde opp forureininga.

– Det kan koste frå 15.000-20.000 tusen til fleire millionar i verste fall, seier Flaten, og viser til at oljen ikkje berre kan skade din eigedom, men også husa og hagane til naboane.

Dette og meir til vil Flaten, Naturvernforbundet, Førde kommune og organisasjonen Oljefri Sogn og Fjordane no opplyse innbyggarane i Naustdal, Gaular, Jølster og Førde om på eit møte på Førde rådhus onsdag. Der vil dei også ta opp støtteordningar for å skifte ut oljefyring til andre energikjelder, og andre praktiske spørsmål knytt til fjerning av olje- og parafintankar.

Vil ha fleire forbod

Frå 1. januar 2020 har regjeringa bestemt at det vert forbode å bruke fossil fyringsolje til oppvarming. Men førebels er det ikkje forbode å ha oljetanken i hagen, så framt ein ikkje brukar den.

– Men vi jobbar med å få på plass eit forbod for å ha desse tankane også, seier Flaten.

– Kva kostar det å fjerne ein slik oljefyringstank?

– Det kostar frå 15.000 til 25.000 kroner, seier Flaten.

Han legg til at dette er fordi ein treng folk med spesialkompetanse til å grave ut tanken, tømme og reinse tanken, og frakte den vekk til ein avfallsstasjon.

Fakta

Frå 1.1.2020 er det forbode med oljefyring. Førebels er det ikkje ulovleg å ha oljetank.

Som huseigar er du ansvarleg ved ei oljelekkasje.

Ein olje- eller parafintank må kontrollerast.

Er tanken eldre enn 20 til 30 år kan det gje avkorting i forsikringa.

Ring 110 om det har blitt akutt forureining, samt forsikringsselskapt og skadesaneringsfirma.

Kjelde: Oljefri.no

På lur i hagen

Ikkje alle veit at dei har ein oljetank på lur i hagen. Kanskje har ein kjøpt bustaden brukt frå eigarar som heller ikkje har vore klare over dette.

– Då kan dei få seg ei overrasking, rett og slett, seier Flaten.


Han trur at det er mange olje- og parafintankar som ligg i gøymde i hagane i dei gamle byggefelta som blei bygde i Førde og andre tettstadar i Sunnfjord frå 60- og 70-talet.

Artikkeltags