No sjekkar dei om lokale vatn er ureina frå landbruk og kloakk

UNDERSØKER: Helge Kiland (t.v.) og Trond Stabell frå Faun Naturfovaltning AS er i gang med å undersøke 20 vatn i Sogn og Fjordane.

UNDERSØKER: Helge Kiland (t.v.) og Trond Stabell frå Faun Naturfovaltning AS er i gang med å undersøke 20 vatn i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Undersøker vatn i Jølster, Gloppen, Flora, Førde, Naustdal, Gaular, Hyllestad og Høyanger - mellom anna.

DEL

Sogn og Fjordane fylkeskommune har leigd biologar til å undersøke planktonalgar i 20 innsjøar for å finne ut om dei er ureina av landbruksavrenning og kloakkavløp. Dette er eit samarbeid med kommunane, som er med på finansieringa. Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Frå søndag og fram til onsdag denne veka vil biologar vere i  sving rundt om i totalt 20 innsjøar i fylket. Biologane er leigde inn frå Faun Naturforvaltning AS. Dei nyttar båt og tar prøvene ved overflata over det djupaste punktet i kvar innsjø. Dette er fjerde av i alt seks runder til dei same 20 innsjøane inneverande år.

– Undersøkinga vil hjelpe oss å fastsette om den økologiske tilstanden er i tråd med vassforskrifta og vassdirektivet, seier Staffan Hjohlman, rådgjevar i fylkeskommunen.

Dersom tilstanden er for dårleg, og dersom dette skuldast landbruksavrenning eller avløp, må kommunane iverksette tiltak, til dømes endringar i praksis for gjødselspreiing eller oppgradering av private og kommunale avløpsanlegg. Kommunane skal kome med forslag på tiltak før sommaren 2019, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

Artikkeltags