– Det er veldig stort å bli heidra for det arbeidet ein gjer, seier Kristine Ullaland. Dei siste åra har ho fått mykje mediemerksemd, grunna hennar engasjement for å minske folk sitt søppelforbruk. Ho driv firmaet Zero Waste Norge og bloggen Grønare Kvardag. Sistnemnde sørga for at ho fekk stipend frå Noregs Mållag i 2017.
Saman med Mette Nygård Havre, frå firmaet Grønne Verdier, har Kristine no vunne Hordaland Fylkeskommune sin miljøpris. Zero Waste Norge sitt mål er å stoppe utvinning og forbruk av unødvendige ressursar, og dermed spare miljøet for dei negative konsekvensane dette fører med seg, skriv Hordaland Fylkeskommune på sine nettsider.
Premien var 25.000 kroner til kvar, i tillegg til kortreiste blomar frå Os og Tysnes.
Minst mogleg emballasje
Både med bloggen og firmaet sitt, ønsker ho å skape medvit rundt søppel og forbruk. Sjølv forsøker ho å bruke minst mogleg emballasje, og å leve tilnærma søppelfritt. – I Norge kastar vi i snitt 436 kilo søppel i året, per person. Det er utruleg mykje, seier Ullaland.
– Det er store utfordringar, med tanke på avfall og ressursbruk. Det er ikkje berekraftig, slik det er i dag. Mitt mål er å utfordre folk sine tankar rundt ressursbruk, fortel ho.
Ullaland vil likevel understreke at det å leve berekraftig, ikkje nødvendigvis går ut over livskvaliteten.
– Avfallsførebygging er fullt mogleg å kombinere med å leve eit godt liv. Det er viktig å få fram, meiner ho.
Frir til næringslivet
Der ho tidlegare har fokusert mest på kva ein kan gjere på individnivå, frir ho no til næringslivet.
– Eg vil utfordre verksemdene på avfallshandtering.
– Avfallsførebygging er ikkje berre idealisme, men god økonomi, meiner Ullaland.
– Eg håpar fleire verksemder ser det.
Les også: Ho får plass til tre månadars boss i eit syltetøyglas