Sogn og Fjordane har hatt 153 strandryddingar i år

RYDDA: 5. klasse frå Krokane Skule hadde strandrydding på Kinn 4. mai i år.

RYDDA: 5. klasse frå Krokane Skule hadde strandrydding på Kinn 4. mai i år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KLIMA: Dette er ei auke på 800 prosent sidan 2016.

DEL

Totalt er det brukt 55.520 timar på organisert strandrydding i Norge i 2017. Det er funne 1.374.209 kilo med boss, noko som svarar til 2.207.489 meter, viser Strandrydderapporten frå Hold Norge Rent.

– 2017 har sett ei eventyrleg auke i tal frivillige som engasjerer seg i opprydding av marint avfall, og heile 48702 frivillige er registrert i Ryddeportalen, fortel Malin Jacob, prosjektleiar i Hold Norge Rent i ei pressemelding.

Sotra-kvalen trigga

På landsbasis er det gjennomført 2845 ryddeaksjonar. Det ein har funne mest av er uidentifiserbare plastbitar (17 prosent), små tau (13 prosent) og drikkeflasker og boksar (11 prosent).

– Gåsenebbkvalen som stranda på Sotra med magen full av plast, er utvilsamt hovudårsaka til denne formidable aukinga, men Miljødirektoratet si tilskotsordning har også bidrege til denne svært positive utviklinga, seier dagleg leiar for Hold Norge Rent, Lise Keilty Gulbransen.

31 forsøpla område

I 2016 opna dei ei ny registreringsfunksjon i Ryddeportalen. Denne funksjonen gjer det mogleg for frivillige å melde inn forsøpla område som treng rydding.

I år vart det registrert 31 område i Sogn og Fjordane. Dette er fordelt på Selje, Askvoll, Solund, Gulen, Lærdal, Hyllestad, Flora og Førde. Dette betyr ikkje nødvendigvis at desse kommunane er meir forsøpla enn andre, men at det er mange som brukar Ryddeportalen.

Les også:

Sofie og onkelen fann eit tonn søppel på lita øy 

Plukk søppel – få eit hotellopphald i retur

Rydd ei strand og vinn ein premie 

Har plukka enorme mengder boss

30 ryddeaksjonar i Sunnfjord i dag

Opnar pengepungen – plastryddinga kan halde fram

Strandrydding engasjerer hundrevis – no er pantepotten tom

– Då brannen stengde tunnelen, fann vi ut at vi skulle rydde

Robert (17) plukka 50 kilo boss på tre timar 

Artikkeltags