På fredag skal elevar igjen streike for miljøet

Av

Det blir ny skulestreik for miljøet inspirert av svenske Greta Thunberg i nesten 1.300 byar i over 100 land kommande fredag.

DEL

Per måndag er det planlagt protestar i 1.297 byar i 109 land 24. mai.

– Alle er velkomne. Alle trengst, skriv Thunberg på Twitter.

I den første skulestreiken 15. mars deltok hundretusenvis av skuleelevar og andre i over 130 land frå Australia til Uruguay. Sidan har det vore streikar og protestar kvar fredag mange stader.

Thunberg sjølv har streika éin dag i veka sidan august utanfor den svenske Riksdagen og dermed vore ei inspirasjonskjelde for skuleelevar over heile verda som er opptatt av den globale oppvarminga.

Thunberg har dei siste månadene mellom anna treft paven i Roma og talt til Parlamentet i London, Økononiforumet i Davos og FNs klimakonferanse i Katowice i Polen.

Artikkeltags