Ny rekord: – Ingen pantar meir enn nordmenn

Oslo  20150724.
Tomflasker med pant kastes rett i søpla. 
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Oslo 20150724. Tomflasker med pant kastes rett i søpla. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix Foto:

Av

Nordmenn pantar flaskar og boksar som aldri før. Til saman blei det i fjor panta nesten 1,2 milliardar boksar og flasker. Det er ny rekord.

DEL

– Ingen pantar meir enn nordmenn, seier administrerande direktør i Infinitum, Kjell Olav Maldum, til NRK.

Infinitum eig og driftar pantesystemet for drikkevareboksar og plastflasker med pantemerke.

Maldum meiner innføringa av nye pantesatsar er ei medverkande årsak til at det i fjor blei sett ny panterekord. Satsane er no to kroner for boksar og små flasker og tre kroner for store.

Til saman finst det rundt 3.700 panteautomatar og 12.000 innleveringsstader for pant, men følgje Maldum hamnar framleis rundt 150 millionar flasker og boksar utanfor boksane kvart år.

– Informasjon viser at mykje hamnar i restavfall. Men der skal det jo sjølvsagt ikkje. Noko hamnar også i naturen. Det er endå verre, seier han.

Artikkeltags