Miljødirektoratet har vedteke å gjennomføre ein revisjon av Nyrstar Høyanger AS.

Revisjonen skal leggje spesiell vekt på mottak, lagring og levering av farleg avfall, drift av verksemda med tanke på utslepp til luft og vatn, måling og utrekning av utslepp og fluorhaldige gassar, skriv Miljødirektoratet i eit informasjonsskriv til verksemda.

Nyrstar Høyanger har i lang tid slite med å halde utsleppa av tungmetall og prioriterte miljøgifter innanfor dei grensene som miljøstyresmaktene har sett, og har fleire gonger søkt om mellombelse løyve til å få auke utsleppa til Høyangsfjorden.

Nyrstar Høyanger, tidlegare Eras Metal

Eras Metal AS vart starta i 2003 for å drive attvinning av sink frå spesialavfall frå stålindustrien.

I 2007 vart verksemda meldt til politiet for uløyves utslepp av nær 15 tonn blyhaldig slurry til Høyangsfjorden. Selskapet godtok politiets bot på 300.000 kroner.

I 2009 var Eras anlegg stengt på dagen etter at miljøstyresmaktene avdekka at verksemda hadde sluppe ut enormt mykje meir kvikksølv enn den hadde lov til. Selskapet fekk - og godtok - ei bot på 1,5 millionar kroner. Dagleg leiar og styreleiar vart dømde til fengsel.

I 2011 vart Eras Metal seld til sveitsiske Pro Val Partners som i 2013 selde selskapet vidare til det internasjonale gruveselskapet Nyrstar med hovudkontor i Belgia.

Undersøkingar av skjel og brun krabbeinnmat frå Høyangsfjorden syner så store konsentrasjonar av tungmetall at Mattilsynet rår folk frå å ete det.

Føremålet med denne revisjonen er å vurdere om det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet fungerer tilfredsstillande, og Miljødirektoratet vil mellom anna sjå på følgjande; om Nyrstar Høyanger når måla sine og driv innanfor eigne rammer og dei rammer som styresmaktene har sett, om aktivitetane i selskapet vert utført slik som dei vert skuldra og uttalt, og om verksemdas system for internkontroll er forsvarleg og dekkande.

Miljødirektoratet planlegg å gjennomføre revisjonen i tida 25. april til 28. april.

Til eit førebuande møte onsdag 5. april, ber Miljødirektoratet Nyrstar Høyanger førebu følgjande:

  • organisasjonskart,
  • funksjons- og stillingsskildring for tilsette på ulike nivå,
  • skildring av internkontrollen,
  • oversikt over gjeldande dokument, medrekna prosedyrar og instruksar med relevans for ytre miljø,
  • prosessflytskjema,
  • skildring av reinseanlegg,
  • dokumentasjon på målesystem for kontroll av utslepp,
  • måle- og utrekningsprogram for utslepp,
  • handlingsplan for ytre miljø,
  • oversikt over kjølemiddel som nyttar fluorhaldig gass,
  • rutinar for mottak, lagring og levering av farleg avfall,
  • planar, og eventuelle rapportar, frå interne revisjonar,
  • risikoanalysar.