Forskarar har testa fisk i Førdefjorden før gruvedeponi

VEVRING: Forskarar har testa brosme, torsk, sjøkreps og blåskjel, artar som typisk samlar opp ulike stoff, for forureining i Førdefjorden. Ingen av dyra som vart undersøkte inneheldt bly eller kadmium over den fastsette grenseverdien for sjømat.

VEVRING: Forskarar har testa brosme, torsk, sjøkreps og blåskjel, artar som typisk samlar opp ulike stoff, for forureining i Førdefjorden. Ingen av dyra som vart undersøkte inneheldt bly eller kadmium over den fastsette grenseverdien for sjømat. Foto:

Av

Forskarar har testa nivå av framandstoff i fisk i Førdefjorden i Sunnfjord for å ha eit samanlikningsgrunnlag dersom det blir gruvedeponi i fjorden.

DEL

– Stort sett er nivåa av framandstoff låge eller på linje med kystområda generelt, seier forskar Tanja Kögel til Havforskingsinstituttet.

Forskarar har testa brosme, torsk, sjøkreps og blåskjel, artar som typisk samlar opp ulike stoff, for forureining i Førdefjorden. Ingen av dyra som vart undersøkte inneheldt bly eller kadmium over den fastsette grenseverdien for sjømat.

I levra frå brosme og torsk fann forskarane dioksin, furan, dioksinliknande PCB og PCB6 over grenseverdien. I filetane hadde 21 av 59 brosmer kvikksølv over grenseverdien. Det er ikkje unormalt for arten, skriv Havforskingsinstituttet.

Kögel fortel at det ikkje ser ut til å vere spesifikke kjelder til lokal forureining i Førdefjorden, og at fisken difor berre er ramma av den generelle forureininga i sjøen.

Forskaren fortel at mange av miljøgiftene langs kysten som tungmetall, arsen, dioksin og PCB, stammar frå industri. Sprøytemiddel kjem frå jordbruk. Tungmetall kan også stamme frå naturlege kjelder som vulkansk aktivitet.

I samband med at Nordic Rutile AS sende søknad til Direktoratet for mineralforvaltning om driftsløyve for utvinning av rutil og granat på Engebøfjellet, skreiv Havforskingsinstituttet ei høyringsfråsegn med fleire faglege innvendingar mot fjorddeponiet.

Artikkeltags