Lågaste sjøaurefiske sidan rapporteringa starta

UNDER PRESS:  Sjøauren slit. Dei siste åra har fangsttala vore langt under det som var vanleg før.

UNDER PRESS: Sjøauren slit. Dei siste åra har fangsttala vore langt under det som var vanleg før. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

MILJØ: Sjøaurefangsten i elvane i fylket går framleis nedover.

DEL

Ikkje sidan rapporteringa av sjøaurefisket tok til i 1969, har fangsten i elvane i Sogn og Fjordane vore så liten som no. Det syner tala som no ligg føre frå Fylkesmannen. Laksefangsten i elvane er på nivå med dei siste åra.

Dystert bilete

Oppsummeringa av fjorårssesongen som Fylkesmannen har sendt ut, teiknar eit dystert bilete av situasjonen for sjøauren i Sogn og Fjordane.

Til saman vart det fanga 1694 sjøaurar (3,5 tonn) i elvefisket i Sogn og Fjordane i 2016, og av desse vart 911 individ (1,6 tonn) avliva. Nesten halvparten (46 %) av fangsten vart dermed sett ut att i elva i 2016. Tal avliva sjøaure i elv er det lågaste sidan registreringa starta i 1969, men samla fangst (avliva + utattsett sjøaure) var om lag på nivået den tidlegare botnsesongen i 2008, men då var all fisk avliva, skriv Fylkesmannen.

Laksefisket ser derimot ut til å halde seg stabilt. Alt i alt vart det avliva 25,3 tonn laks frå laksefisket i Sogn og Fjordane i 2016, fordelt på 4,8 tonn i sjøen og 20,5 i elvane. I tillegg vart det fanga om lag 21 tonn laks i elvefisket som vart sett ut att. Samla fangst, inkludert utattsett laks, var dermed om lag 46 tonn i 2016, og var relativt lik fangsten i 2012 og 2015. Fangsten i sjøen utgjorde 19 % av all avliva fisk. Dei fem siste åra har tal avliva laks i sjøen utgjort frå 15 til 23 % av all avliva fisk. Fangstane viser likevel at dagens innsig av laks er lågt samanlikna med innsiget på 80-talet.

Lærdalselvi toppar

Det vart fiska til saman 8739 laks (41,7 tonn) i elvane i Sogn og Fjordane i 2016. Til samanlikning vart det i 2015 fanga 9367 laks (36,5 tonn). Lærdalselvi hadde størst samla fangst av laks i 2016, men ein auke frå nær 7 tonn til nær 8,5 tonn. Vidare hadde Nausta og Gaula samla fangstar på mellom 4 og 5 tonn.

I vekt utgjorde den samla fangsten av laks i 2016 beste året sidan 1974. Det vart derimot fanga litt fleire fisk både i 2012 og 2015. I 2016 var det relativt bra med mellom- og storlaks. For første gong er meir enn halvparten av laksefangsten (51 %) sett ut att i elva.

Artikkeltags