Sløkker dei kommersielle kanalane i Sogn og Fjordane

DAB: Frå fredag må du ha DAB-radio også for å høyre riksdekkande kommersielle kanalar i Sogn og Fjordane.

DAB: Frå fredag må du ha DAB-radio også for å høyre riksdekkande kommersielle kanalar i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FYLKET: Frå i morgon får du heller ikkje høyre riksdekkande kommersielle kanalar på FM-nettet.

DEL

Fredag 15. september sløkker dei riksdekkande kommersielle kanalane og nokre lokalradioar sendingane sine i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder.

Det digitale radioskiftet held fram med sløkkinga av FM-sendingane til dei riksdekkande kommersielle kanalane.

– Med sløkkinga 15. september er det digitale radioskiftet i denne regionen gjennomført. For å lytte til riksdekkande radio på Sør- og Vestlandet må ein heretter ha digitalt radioutstyr, seier Line Langnes i Medietilsynet i ei pressemelding.

Ho legg til at NRK og dei kommersielle kanalane sender i to ulike DAB-nett med ulik dekningsgrad.

På radio.no kan du få oversikt over kva kanalar som er tilgjengelege der du bur.

Artikkeltags