Lesarbrev omtalte homofili som «sjukt» – vart ikkje felt i PFU

PFU-leiar Alf Bjarne Johnsen. Bildet er tatt ved eit tidlegare høve. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix.

PFU-leiar Alf Bjarne Johnsen. Bildet er tatt ved eit tidlegare høve. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix. Foto:

Av

Eit omstridt lesarinnlegg i Avisa Nordland, der homofili vart omtalt som «sjukt», var ikkje brot på god presseskikk, konkluderer Pressens Faglige Utvalg (PFU).

DEL

Utvalet brukte lang tid på å diskutere saka under møtet på tysdag, og fleire av medlemmene gav uttrykk for at lesarinnlegget reiste ei «interessant» problemstilling.

Bakgrunnen for PFU-klagen var eit kort lesarinnlegg med tittelen «Homofile hylles», som stod på trykk 3. juli i år. Forfattaren av innlegget uttrykte misnøye med ein TV-reportasje om ein ung fotballspelar som var komme ut av skapet, og omtalte det som «sjukt». I tillegg insinuerte han at homofili er ein skavank.

Avisa Nordland beklaga to dagar seinare at innlegget stod på trykk «i den form det vart publisert».

Saka vart klaga inn av ein privatperson som meinte omtala bidrog til å stigmatisere ei allereie utsett gruppe.

«Kommentarfelt»

Det var eit stort spenn blant medlemmene i PFU i synet på saka. Éin medlem helte mot å felle saka for brot på Vêr varsam-plakaten, mens andre ønskte å rette kritikk mot Avisa Nordland. Til slutt vart fleirtalet einige om at avisa ikkje hadde brote god presseskikk.

Diskusjonen dreidde seg mellom anna om behovet for vern mot krenking, sett opp mot ytringsfridommen.

Mellom anna vart det påpeika at innhaldet i lesarinnlegget ikkje skilde seg mykje frå fleire kommentarar som avisene i dag godtek i kommentarfelta sine.

– Kor drygt?

Etter ein lang debatt sa PFU-leiar Alf Bjarne Johnsen at det ligg an til dissens i saka.

Johnsen seier at utvalet prøver å finne ei løysing som både anerkjenner retten redaktøren har til å avgjere kva som skjer med dei sterkaste og mest krenkjande innlegga, og samtidig tek omsyn til ytringsfridommen.

Utvalet meiner det er opp til redaktøren å trekke grensa for kor drygt eit innlegg kan vere og samtidig halde seg innanfor presseetikken.

Sarpsborg Arbeiderblad vart felt

Fleire andre saker var òg oppe til behandling hos PFU tysdag.

Bergens Tidende var klaga inn av det private helseselskapet Aleris, som reagerte på ei sak der det vart hevda at det offentlege kunne gjort augebehandlingar langt billigare enn konsernet gjer i dag. Utvalet meinte, ifølgje Journalisten, at BT hadde tilstrekkeleg dekning for påstandane.

Utvalet konkluderte òg med at Kapital hadde opptredd kritikkverdig når det gjaldt retten til samtidig imøtegåing i ei sak om Nobel-komiteleiar Berit Reiss-Andersen og ein privat konflikt. Men Kapital fekk samtidig skryt for store delar av dei innlagde artiklane.

Sarpsborg Arbeiderblad vart felt for to brot på Vêr varsam-plakaten i samband med saker der det vart retta kritikk mot Sarpsborg kommune, mens Firda ikkje vart felt for ei sak om ei påstådd stinkbombe av ein fiskesilo.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags