No må TV2 bruke nynorsk

FRÅ SIGNERINGA: Sjefsredaktør og toppsjef i TV 2, Olav Sandnes, og kulturminister Trine Skei Grande signerte onsdag avtale om komersiell allmennkringkasting.

FRÅ SIGNERINGA: Sjefsredaktør og toppsjef i TV 2, Olav Sandnes, og kulturminister Trine Skei Grande signerte onsdag avtale om komersiell allmennkringkasting. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

MEDIA: TV 2 har fått i land avtale om å bli allmennkringkastar. Til gjengjeld må dei bruke nynorsk, men kor mykje er ikkje spesifisert.

DEL

Tv-kanalen har signert avtale med Kulturdepartementet om å bli kommersiell allmennkringkastar dei neste fem åra.

Dei kjem til å få opp til 135 millionar kroner årleg frå staten som kompensasjon. Avtalen trer i kraft 1. januar 2019.

Må bruke begge målformer

Staten stiller til gjengjeld ei rekke krav til TV-kanalen, som Medietilsynet kjem til å følge med på at blir innfridde.

Mellom anna må norsk stå for minst halvparten av sendetida, dei må sende barne-TV på norsk, ha daglege nyheitssendingar og bruke både bokmål og nynorsk.

– Vi er glade for at den nye TV2-avtalen seier tydeleg at TV2 må nytte begge dei to offisielle målformene, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Mållaget peikar samtidig på at det ikkje er spesifisert noko minimumskrav for nynorsk.

– Formuleringa om nynorskbruk er likevel så slapp at ho set store krav til TV2 som allmennkringkastar. I søknaden har TV2 vist til at dei har mange nynorsktalande medarbeidarar, og skal dei følge avtalen, må dei heretter også sleppe nynorsken til i eigen tekstproduksjon. Dette gjeld skjerm-vignettar, teksting av film og nettsida TV2.no, skriv Magne Aasbrenn vidare.

Må ta avgjerder minst 100 km frå Oslo

Eit anna krav frå staten er at TV2 skal ta redaksjonelle avgjerder minst 100 kilometer frå Oslo. Tilsette skal også ha arbeidsstad minst 100 kilometer frå hovudstaden.

– Det er bra at prinsippet om hovudkontor langt unna Oslo-gryta ligg fast. Det gir betre journalistikk at nyhende blir formidla med ulike perspektiv som ein får ved å vere og ha sitt virke i ulike delar av landet, skriv Aasbrenn.

Også Kringkastingsringen meiner avtalen er for laus i høve nynorskbruk. Kringkastingsringen er ein medlemsorganisasjon som jobbar for at NRK skal bruke minst 25 prosent nynorsk og meir nynorsk i andre radio- og tv-kanalar.

– Det er sjølvsagt bra at det står noko om norsk språk i avtalen, men det er skuffande at den ikkje er meir konkret. Det burde stått noko om at nynorsk skal nyttast i alle programformer og at den skal vera synleg på nettsida. Særleg gjeld dette innhald som er retta mot born og unge, skriv leiar Guro Kvalnes i ei pressemelding.

Ho peikar også på at samisk språk ikkje er nemnd i avtalen.

– Med ein såpass diffus avtale, skulle det ha vore lett å få med noko om samisk språk. Det er vanskeleg å sjå at TV 2 kjem til å prioritera dette når departementet ikkje tek det med i denne avtala, seier leiar Guro Kvalnes.

Hovudpunkta i avtalen med Kulturdepartementet:

  • Majoriteten av dei redaksjonelle avgjerdene skal takast minst 100 kilometer frå Oslo
  • Majoriteten av dei redaksjonelt tilsette i både hovudredaksjonen og den sentrale nyheitsredaksjonen skal ha sin arbeidsstad minst 100 kilometer frå Oslo
  • Det er etablert eit rekneskapsmessig skilje mellom TV 2 sin allmennkringkastingsverksemd, som skal støttast med offentlege middel, og anna verksemd, som fell utanfor oppdraget
  • TV 2 skal ha daglege nyheitssendingar
  • TV 2 skal tilby norskspråkleg barne-TV og program for unge
  • TV 2 skal bruke minimum 250 millionar kroner på førstegongvisingar av norsk film og tv-drama i avtaleperioden
  • Innhaldet skal tilbydast på éin lineær tv-kanal, og i tillegg må allmennkringkastingsinnhaldet gjerast tilgjengeleg på internett

Her er krav som TV 2 må oppfylle, men som ikkje dekkast av støtta til kanalen:

  • Programtilbodet skal baserast på prinsippa for allmennkringkasting
  • Programtilbodet sin profil skal vere av allmenn karakter og interesse
  • Det skal vere eit tilbod i program for både breie og smale grupper
  • Norskspråklege program skal stå for minst 50 prosent av sendetida
  • Begge dei offisielle norske målformene skal nyttast
  • Programtilbodet skal ha sjangermessig breidde, både når det gjeld samansettinga av programkategoriar og samansettinga innanfor den enkelte programkategori

Artikkeltags