Redaktørar ønsker ny diskusjon om omtale av sjølvmord

TV2 HAR LAGT OM: – Media har medverka til å skape eit tabu om sjølvmord, meiner TV-redaktør, Marianne Solbrække. TV 2 skal ikkje lenger bruke eufemismar som «personleg tragedie» eller «det skal ikkje ha skjedd noko kriminelt» og heller skrive «sjølvmord» eller «tok sitt eige liv».

TV2 HAR LAGT OM: – Media har medverka til å skape eit tabu om sjølvmord, meiner TV-redaktør, Marianne Solbrække. TV 2 skal ikkje lenger bruke eufemismar som «personleg tragedie» eller «det skal ikkje ha skjedd noko kriminelt» og heller skrive «sjølvmord» eller «tok sitt eige liv». Foto:

Av

Norske nyheitsredaktørar ønsker ein ny diskusjon om måten sjølvmord bør omtalast på i media. TV 2 har allereie innført ein ny instruks.

DEL

TV2s nyheitsredaktør Karianne Solbrække tok initiativ til ein intern diskusjon i nyheitskanalen etter å ha sett eit innslag i TV 2-programmet Vårt lille land, skriv Klassekampen. I programmet fortel ei mor om livet etter sjølvmordet til sonen.

– Mora fortel at tabuet rundt å seie at sonen tok sitt eige liv er så sterkt at det hadde vore enklare for henne å seie at sonen døydde i ei ulykke. Konklusjonen min er at vi i media har medverka til å skape dette tabuet, seier Solbrække.

TV 2 skal ikkje lenger bruke eufemismar som «personleg tragedie» eller «det skal ikkje ha skjedd noko kriminelt» og heller skrive «sjølvmord» eller «tok sitt eige liv».

Ver varsom-plakatens punkt 4.9 som omhandlar sjølvmord, fastslår at ein bør unngå omtale om det ikkje er «nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG meiner punktet bør formulerast meir konkret. Ho ønsker Solbrækkes initiativ til ny diskusjon velkommen.

– Vi ser at endringane i førre runde ikkje var nok. Det er framleis ein berøringsangst i redaksjonane, og det er krevjande å vite kvar ein skal legge seg, seier ho.

Artikkeltags