Øyulf Hjertenes sluttar som sjefredaktør i Bergens Tidende

SLUTTAR: Øyulf Hjertenes sluttar no som sjefsredaktør i BT. Han går inn i ei direktørstilling i Schibsted Kyst.

SLUTTAR: Øyulf Hjertenes sluttar no som sjefsredaktør i BT. Han går inn i ei direktørstilling i Schibsted Kyst. Foto:

Av
DEL

Øyulf Hjertenes får ny toppjobb i vest og sluttar som sjefredaktør i Bergens Tidende.

Hjertenes går inn i ei ny stilling som direktør i Schibsted Kyst, som består av Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Vestnytt, Askøyværingen, Bygdanytt og Strilen. Han blir òg styreleiar i BT og Stavanger Aftenblad, skriv BT.

– Eg skal byte jobb, men framleis vere opptatt av det same. Motivasjonen min er å bygge berekraftige digitale mediehus på Vestlandet. Det er viktig, både for Vestlandet og for det norske demokratiet, seier han.

Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen blir konstituert sjefredaktør i avisa.

(©NPK)

Artikkeltags