Eli Grotle konstituert som redaktør i Sogn Avis

Eli Grotle er konstituert som redaktør i Sogn Avis frå og med 6. januar.

DEL

Eli Grotle kjem frå stillinga som redaksjonssjef i avisa. Ho skal no fungere som redaktør inntil vidare. Jan Inge Fardal, som har vore redaktør i Sogn Avis dei siste 13 åra, har sagt opp for å begynne som redaktør i Nynorsk Pressekontor i Oslo.

Grotle skal sitje i stillinga til styret tek ei avgjerd om kven dei vil tilsetje fast som redaktør.

– Då eg fekk spørsmålet var det naturleg for meg å ta ein slik jobb. Eg har vore vikarierande redaktør i periodar når Jan Inge har vore borte, og er vand med rolla og å ha det ansvaret, seier Grotle til Sogn Avis.

Svein Atle Huus er regiondirektør i Amedia og styreleiar i Sogn Avis, og har vore med å tilsetje Eli Grotle som konstituert redaktør.

– Vi har brukt litt tid etter at Jan Inge sa opp i desember på å konstituere ein redaktør. Vi har gjort oss kjende med redaksjonen og sett etter ein mogleg kandidat i rolla som redaktør, i og med at vi skal inn i Amedia med nye verktøy, nytt utstyr og nye arbeidsmetodar, seier Huus til Sogn Avis.


Artikkeltags