Amedia kjøper lokalaviser i Rogaland og Vest-Agder

Are Stokstad er konsernsjef i Amedia.

Are Stokstad er konsernsjef i Amedia.

Av

Mediekonsernet Amedia har kjøpt opp selskapet Nordsjø Media, som eig ni lokalaviser i Rogaland og Vest-Agder.

DEL

Amedia tek dermed over eigarskapet av Jærbladet, Dalane Tidende, avisa Agder, Sandnesposten, Solabladet, Strandbuen, Gjesdalbuen, Bygdebladet og Lyngdals Avis.

Lokalavisene har eit samla opplag på 48.413 eksemplar og blir trykt i Nordsjø Medias avistrykkjeri i Egersund, som òg blir omfatta av avtalen, opplyser Amedia i ei pressemelding. Totalt sysselset verksemdene cirka 110 årsverk og har ei årsomsetning på cirka 160 millionar kroner.

Nordsjø Media AS er eigd av selskapa Dalane Tidende og Egersunds Avis AS, avisa Agder Holding AS og Vimer AS. Avtalen krev godkjenning av generalforsamlingane i dei tre eigarselskapa i tillegg til konsernstyret i Amedia. Transaksjonen vil bli meld til Konkurransetilsynet. Det blir forventa at alle formalitetar vil vere avklart tidleg i 2019.

Med oppkjøpet vil Amedia eige 72 lokalaviser, inkludert Firda.

Artikkeltags