Firda går med solid overskot, trass tider då bransjen slit

PENE TAL: Svein Atle Huus, konstituert dagleg leiar, og Marie Havnen, konstituert ansvarleg redaktør i Firda Media, gler seg over fjorårsresultatet.

PENE TAL: Svein Atle Huus, konstituert dagleg leiar, og Marie Havnen, konstituert ansvarleg redaktør i Firda Media, gler seg over fjorårsresultatet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: I fjor gjekk Firda Media AS med eit overskot på nær 7,5 millionar kroner. – Men omstillingstidene er tøffe, seier leiinga.

DEL

– Det økonomiske resultatet er gledeleg og nødvendig for å møte framtida i ein bransje som heile tida endrar seg, seier konstituert dagleg leiar Svein Atle Huus og konstituert ansvarleg redaktør Marie Havnen.

Rekneskapen for 2017 syner at Firda også i fjor kom ut med solide tal, og var god butikk for Amedia-konsernet. Resultat etter skatt var på 7,46 millionar kroner. Dette er nær ein million kroner mindre enn resultatet i 2016. Men tala viser at driftsinntektene auka i rekneskapsåret.

– Det er gledeleg at vi greier å auke inntektene frå året før, i ein situasjon der vi har nedgang i annonsemarknaden. Dei tapte annonseinntektene har blitt meir enn kompensert med abonnentinntekter, seier Svein Atle Huus.

– Betyr det at avisa har fått fleire abonnentar?

– Vi hadde ein liten opplagsvekst både i 2016 og 2017. Men det er krevjande å halde talet. Færre les Firda i papirutgåve, og det er utfordrande å auke talet på digitale abonnentar, seier Huus.

Siste offisielle opplagstal for Firda er på 10.873 abonnentar.

Utfordrande situasjon

Redaktør Havnen seier dette om årsresultatet:

– Med den utfordrande situasjonen det er i heile mediemarknaden, er det bra at Firda gjer det godt. I 2017 jobba vi knallhardt kvar dag for å lage eit produkt som folk ville lese. Det gjer vi i 2018 også.

– Gir overskotet på 7,5 millionar kroner rom for å auke dekninga av kommunar der folk tykkjer Firda har blitt meir fråverande?

– Firda har eit stort geografisk dekningsområde, og det er krevjande med store avstandar. Det er eit mål å vere oftare ute blant folk i kommunane. Vi må møte menneska for å lage dei gode sakene.

– Korleis vil lesarane få merke at Firda framleis er ei avis med solid økonomi?

– Når Firda går godt, kan vi bruke ressursane vi har til å levere gode produkt til lesarane, og vi kan jobbe vidare med å utvikle Firda og journalistikken på ein god måte, seier Havnen.

Utvikle dei digitale produkta

Svein Atle Huus seier overskotet gir rom for å satse framover på tilsvarande måte som i fjor, då Firda fekk digitalisert heile arkivet sitt.

– I tida framover vil det handle om å styrke og utvikle dei digitale produkta. Samstundes er papiravisa framleis viktig, og ei stor inntektskjelde, seier han.

– Men skal avisa dekke eit stort område, trengst det også journalistar. Rom for å tilsetje fleire?

– Det blir nok ikkje fleire årsverk. Men det at vi leverer gode resultat fører til at vi unngår store kostnadskutt.

– Innanfor konsern er det ikkje uvanleg at overskota i dotterbedriftene går inn til eigarane. Slik også i Firda?

– Amedia eig Firda hundre prosent, og ein eigar som har plassert pengar, ventar også avkastning. At overskotet går til eigarane er ikkje unaturleg, seier Svein Atle Huus.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken