Signy Fardal sluttar som redaktør for Elle

GIR SEG: Sidan 1999 har Signy Fardal frå Sogndal vore sjefsredaktør i magasinet Elle. No gir ho seg. Bildet er frå Aschehougs hagefest i Oslo i 2016.

GIR SEG: Sidan 1999 har Signy Fardal frå Sogndal vore sjefsredaktør i magasinet Elle. No gir ho seg. Bildet er frå Aschehougs hagefest i Oslo i 2016. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

MEDIA: Etter 20 år som sjef for magasinet Elle, har Signy Fardal sagt opp sin stilling som sjefsredaktør.

DEL

Etter 20 år som sjef for magasinet Elle, har Signy Fardal sagt opp stillinga si som sjefsredaktør.

Sidan 1999 har 57-åringen frå Sogndal sete i sjefstolen i den norske utgåva av mote- og kvinnemagasinet Elle, skriv Kampanje.

På sin eigen Instagram-profil stadfestar ho at ho sluttar som redaktør.

«Etter 20 fantastiske år som sjefsredaktør i Elle har jeg valgt å si opp stillingen min, og ser nå fram til nye og spennende oppgaver», skriv Fardal.

Ifølge Journalisten var Signy Fardal den kvinnelege redaktøren som tente mest i Norge i 2017. Fardal hamna på 15. plass med 2,4 millionar kroner, ifølge skattetala.

Til nettstaden MinMote seier Fardal at ho seier opp med tungt hjarte.

– Det var heilt klart ei vanskeleg avgjerd, men det er ei tid for alt.

Fardal seier vidare til MinMote at ho ikkje veit kva ho skal til med no, men at ho har mange idear.


Artikkeltags