Motorsykkelulykke på rv. 5 i Florø

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Ein motorsykkel har sklidd på rv. 5, og føraren har smerter i skuldra etter ulykka.

DEL

Ein motorsykkel har sklidd på rv. 5 like før avkøyrsla til Revedalen i Florø.

Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt onsdag kveld.

Føraren av motorsykkelen skal vere medviten, men har smerter i skuldra, melder politiet.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved politets operasjonssentral seier til Firda klokka 21.45 at politiets patrulje har vore på staden. MC-føraren er frakta til lege, og vegen er opna att for fri ferdsel. Ulykka skjedde i ei 70-sone.

Operasjonsleiaren har ikkje meir detaljar om hendingsforløpet, og skadeomfanget, men fortel at føraren hadde brukt hjelm.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken