Ung gut i mopedulykke i Måløy

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Føraren skal ha opplyst til politiet at han har smerter i hofte og lår.

DEL

Klokka 08.44 melde Vest politidistrikt om ei mopedulykke i Måløy sentrum.

Ulykka skal ha skjedd i gate 1. Årsaka er truleg at mopeden har sklidd på grus i ein høgresving og deretter krasja i ein midtrabatt.

Det er ingen andre køyretøy involvert i ulykka, opplyser politiet.

Føraren av motorsykkelen er tatt med av ambulanse til lokalt legekontor. Det er ingen mistanke om promillekøyring, melder politiet.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags