Motorsyklist velta – blir henta av luftambulanse

Artikkelen er over 3 år gammel

EID: Ein motorsykkel velta torsdag ved Lotetunnelen.

DEL

Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt torsdag kveld.

Ein motorsykkel er involvert, men politiet melder at hendingsforløpet og skadeomfanget enno er ukjent.

Naudetatane skal vere på veg til staden.

Klokka 21.22 melder politiet at motorsykkelen har køyrt av vegen, og ingen andre skal vere involvert i ulykka.

Føraren blir henta frå ulykkesstaden av luftambulanse, og blir frakta til Førde sentralsjukehus.

Lotetunnelen vart stengd som følger av ulykka, ifølgje Vegmeldingssentralen Vest, men klokka 21.35 er tunnelen igjen opna for fri ferdsel.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken