Mann på motorsykkel kolliderte med hjort

HJORT: Det gjekk heldigvis betre med føraren av motorsykkelen enn med dette stakkars dyret.

HJORT: Det gjekk heldigvis betre med føraren av motorsykkelen enn med dette stakkars dyret. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Føraren av motorsykkelen slapp unna med skrekken, og eit par skrubbsår.

DEL

Klokka 22.53 tysdag kveld melde politiet på Twitter om at ein 25 år gammal mann på motorsykkel hadde kollidert med ein hjort i Eikefjorden.

Kollisjonen skal ha skjedd mellom Grovastøylen og Grov. Dette skriv Firdaposten på sine nettsider.

Førar uskadd

Politiet rykte ut, og fekk rutinemessig følge av ambulansen. Det er eit augnevitne som fortel om hendinga, Firdaposten har natt til onsdag ikkje klart å få kontakt med politiets operasjonssentral.

Heldigvis viste det seg at det ikkje var naudsynt med ambulanse. Føraren slapp unna med nokre skrubbsår, men kollisjonen gjekk hardt utover både sykkelen og dyret. Hjorten skal ha døydd i påkøyrselen.

Ver merksam på hjortefaren

Egil Ødegård kom til staden rett etter ulykka, og tipsa Firdaposten om saka. Han ber dei som ferdast langs vegen vere oppmerksam på hjortefaren. Det er utruleg mykje hjort å sjå i vegkanten for tida. Det er eit råd vi stiller oss bak. Køyr forsiktig!

Artikkeltags