Ville slakte geit sjølv – då gav Mattilsynet klar beskjed

IKKJE TIL SALS: Denne geita fann vi i arkivet. Ho har ingenting med saka å gjere.

IKKJE TIL SALS: Denne geita fann vi i arkivet. Ho har ingenting med saka å gjere. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

MAT: Privat kjøp og sal av slaktedyr og livdyr er eit problem, meiner Mattilsynet, som ber bønder la vere.

DEL

Ei kvinne, som ikkje vil omtalast med namn, ville gjere noko fint for ektemannen til jul. Han er frå Ghana, og har tradisjon med å brenne skinnet av geita etter at ho er avliva. Det ferdige produktet kan samanliknast med smalehovud på vossevis.

Ho visste at reglane ville gjere det vanskeleg å få kjøpe ei geit med skinn og pels frå slakteriet, men tenkte at det burde vere mogleg å gjere alt sjølv. Derfor spurde ho på Facebook om nokon ville selje henne ei levande geit.

Reaksjonen frå Mattilsynet og Mirjam Hauke Tønnesen kom kjapt: «Dette er fra Mattilsynet. Jeg er veterinær og jobber med dyrevern og dyrehelse på MT-kontoret i Førde. Det er strengt forbudt å selge levende dyr til hjemmeslakting på denne måten! Saken vil bli fulgt opp på mandag».

– Eg la meg flat, for eg vil ikkje ha problem med lova, men vi har nok ulike meiningar om kva som burde vere lov, seier kvinna, som sjølv har både jegerkompetanse og utdanning innan mat-teknologi.

– Eg forstod på Mattilsynet at det var eit stort problem at mange kjøper og sel litt hysj hysj, då tenker eg at vi hadde hatt betre kontroll om det fanst ei ordning, seier ho,

Mellom anna føreslår ho kursing, eller at ein kunne kjøpe slaktetenester frå ein godkjend person. Ho meiner det må vere greitt om ho ønsker å ta ein kalkulert risiko, og heller seie frå seg retten til å skulde på bonden eller andre om ho skulle bli dårleg.

– Ikkje som jakt

– Vi veit ikkje heilt kor omfattande problematikken er, men vi har inntrykk av at det skjer litt for mykje, seier Terje Ramstad i Mattilsynet. Han trur det kan vere ulike motiv for å ville slakte eller lage til maten sjølv. Det er mellom andre dei som ser på pris, dei som vil vite kvar dyret kjem frå, eller dei som vil slakte og/eller lage til maten etter religiøse eller kulturelle tradisjonar.

Terje Ramstad er fagansvarleg i Mattilsynet, og meiner det er viktig at reglane for kjøp og sal av dyr blir følgde.

Terje Ramstad er fagansvarleg i Mattilsynet, og meiner det er viktig at reglane for kjøp og sal av dyr blir følgde. Foto:

– Er det meir vanleg no opp mot jul?

– Det har vi ikkje grunnlag for å seie, men det er klart at det er ein del høgtider då det kanskje er meir aktuelt å lage tradisjonsmat.

Ramstad, som er fagansvarleg i det lokale Mattilsynet, synest det er bra at folk engasjerer seg i mat og tradisjonar, men meiner det er gode grunnar for det regelverket som finst.

– Bønder kan slakte til eiga hushaldning, men kan ikkje selje slakt til andre, eller selje levande dyr som andre skal slakte, seier Ramstad.

Reglane har to hovudårsaker: dyrevelferd og helseomsyn. For det første må dyret slaktast på rett vis for å unngå at dyret lir, noko som krev kunnskap og erfaring. Det andre er at husdyr oftare har avvik enn til dømes hjortevilt. Situasjonen kan difor ikkje heilt samanliknast med vanleg jakt. Og jegerar kan heller ikkje utan vidare selje kjøt til restaurantar og liknande.

– Husdyr er i større grupper enn vilt, dei lever tettare, og har andre bakteriar, seier Ramstad, som meiner slakteria sine kontrollsystem før og etter slakt er avgjerande av hygiene- og helseomsyn.

– La det vere

Ein annan faktor er smittefare om levande dyr blir flytta. Mellom anna er det forbode å flytte ein sau frå ein buskap til ein annan.

Ramstad meiner det kan bli vanskeleg å få på plass skreddarsydde ordningar for dei som vil ha dyr slakta eller førebudd i ulike variantar. Det som derimot er lov, er at bonden kan sende dyret på slakteri og få skrotten tilbake. Etter registrering hos Mattilsynet, kan dyret seljast vidare til kundar.

– På Facebook kom tilbakemeldinga kjapt, overvakar de situasjonen elles?

– Nei, det kan eg ikkje seie at vi gjer, det er eigentleg ei oppfordring til dei som har husdyr, at ein ikkje går å inn på å selje til andre som skal slakte, seier Ramstad.

Artikkeltags