Skal du ha blomkål? Prisen kjem til å stige framover

BLOMKÅLMANGE: Desse er venta å bli dyrane i veka som kjem.

BLOMKÅLMANGE: Desse er venta å bli dyrane i veka som kjem. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

BLOMKÅL: Det er framleis mangel på blomkål både i Norge og Europa. Prisane er venta å stige i veka som kjem.

DEL

Folk som planlegg storinnkjøp av blomkål, bør handle raskt dersom dei vil sikre seg ein god pris.

– Neste veke går prisen truleg opp igjen som ein reaksjon på dei høge prisane på importvare. Prisen er venta å ligge høgt fram til det eventuelt kjem større mengder blomkål på marknaden igjen, noko som kjem an på vêret dei neste vekene, skriv Landbruksdirektoratet i ein fersk analyse av grønnsakssituasjonen her til lands.

Frå overflod til mangel

Det har vore ein turbulent sommar på blomkål- og brokkolimarknaden. På få veker har ein gått frå ein overskotssituasjon til mangel.

– Blomkålen har skapt overskrifter i media dei siste vekene. Tidlegare i sommar var det for mykje blomkål i forhold til etterspørselen, og enkelte bønder sleit med å få selt avlinga si. Situasjonen var ekstra krevjande for økologisk blomkål som har ein mindre marknad enn konvensjonell blomkål. Etter det har etterspørselen etter blomkål stige, og tilbodet gått ned, både i Noreg og i resten av Europa, skriv direktoratet.

Brokkoliprisen har vore låg lenge, men på grunn av lite varer er det venta ar prisen stig neste veke. I tillegg blir det meld om store sprik i kvaliteten:

– Kvaliteten på brokkolien har variert veldig i sommarvarmen, og enkelte av sortane har ikkje tolt varmen, opplyser Landbruksdirektoratet.

Tomatoverskotet ete opp

Av den ferske grønnsaksanalysen går det også fram at det er slutt på overskotet av tomatar, som har gitt låge prisar i sommar.

– På grunn av overskotssituasjonen har prisen på tomatar lege meir enn fem kroner lågare enn målpris dei siste fire vekene. Neste veke går målprisen opp og det er venta ein prisauke for å komme nærmare målprisen, heiter det.

Dessutan går løk- og gulrotsalet bra, mens det blir meldt om kvalitetsutfordringar for kål. Mykje kål har blitt angripe av møllorm i sommar, og avlingane ser ut til å bli mindre enn vanleg.

Artikkeltags