Forbrukarrådet åtvarar mot «sunnvasking» av produkt

SUNT, ELLER IKKJE? Forbrukarrådet meiner fleire matvareprodusentar prøver å få produkta sine til å framstå som sunnare enn dei er. Dei rår til å sjå etter nøkkelholsmerket for å vere sikker på at matvara er det sunnare alternativet.

SUNT, ELLER IKKJE? Forbrukarrådet meiner fleire matvareprodusentar prøver å få produkta sine til å framstå som sunnare enn dei er. Dei rår til å sjå etter nøkkelholsmerket for å vere sikker på at matvara er det sunnare alternativet. Foto:

Av

Uærleg merking gjer det vanskeleg å velje sunt , meiner Forbrukarrådet. – Det er villeiande og på kanten av regelverket, skriv organisasjonen.

DEL

Fleire matvareprodukt spelar aktivt på at dei er sunnare enn dei er, dette gjer at forbrukarane vel usunt når dei eigentleg vil ha sunne varer viser ei undersøking gjort av Forbrukarrådet.

Gjennom produktnamn, bilete og påstandar som spelar på helse får produsentane produktet til å sjå sunnare ut enn det er. Direktør i Forbrukarrådet, Inger Lise Blyverket peikar spesielt på merkinga «utan tilsett sukker» som villeiande.

– Det florerer av produkt som er merka med «utan tilsett sukker», sjølv om dei er tilsett søtande ingrediensar, har eit høgt innhald av sukker frå ingrediensane og gjerne meir kaloriar enn andre liknande varer.

Organisasjonen stiller seg spørjande til at det er tillate å drive ei så villeiande marknadsføring, og ynskjer at matprodusentane må ta meir ansvar.

– Ærleg merking vil gjere det enklare for forbrukarane å ta informerte val som kan få stor tyding for kosthaldet og helsa til forbrukarane. Både matbransjen og myndigheiter har forplikta seg til å gjere det enklare for forbrukarane å velje sunt. Då er vi overraska over at sunnvasking av matvarer er så vanleg, for det bidreg til meir forvirring, poengterer Blyverket.

Artikkeltags